mandag 15. februar 2010

Bali

Me forlot Malaysia (som mest har vorte vårt andre heimland) for denne gong, og vendte nåsa mot fjernare strøk, nærare bestemt Bali. Ubud, ein liten by i innlands-Bali var nærast eit lite miniparadis. Me budde i bungalower i ein oase av tre, buskar, eit badebasseng, blomar, frukt og ein slange. Dette vert mest litt ironisk sidan me skulle avlegge kristendomseksamen to dagar etter ankomst. To lesedagar spratt av garde, med lesing og legebesøk. Bjørgis og Bjørnar tok nemleg ein liten snarvisitt til lokallegen for å prøve å finne ut av kva dei makk-liknande krypa i foten var. Etter tre minutt på legebenken, var svaret klart. Begge hadde ein allergisk reaksjon, og me vart proppa fulle av antihistamin og antibakteriell krem. Då eksamensdagen kom va me etterkvart ganske klare for å verte ferdige med saken. Lokalet var av slagen perfekt, med vassliljer, fontenar og sjavsagt ein balinesisk gud i front. Me fekk ikkje heilt den vanlege eksamenskjensla der me sat i bikini og slurpa i okk vatn. Alli har me vel vore del av ein så lettkledd eksamen! Resultatet kom i rekordfart, og professor Levi hadde retta 25 eksamensoppgåver på eit par dagar.

Lukka i paradis var ikkje komen for å bli. Etter nokre dagar med kunstvindusshopping og armbandshandel i store doser (Bjørgis har faktisk handla fleire kilo accesoires) var det slutt på fryden og gleden! Tonjes mage slo kolbøtte og doen vart ein fast talhaldsstad og "venn". Ho kjenner no kvar krinkel og krok, edderkopp og maur som har rørt seg på dei fem kvadrata våtrom. Me vart att nokre ekstra dagar i Ubud på grunn av eksplosjonsfare i mageregionen. Bjørgis og Anita prøvde å stelle godt med dei sjuke, men fekk tid til litt meir shopping og kvalitetstid i Ubud Town. Legen kom på heimebesøk og ausa på med medisinar som verkeleg ikkje hjalp noko særleg. Det gjorde derimot frukten som frukostguten okkå kom med.

Etter litt rekreasjonstid reiste me etter resten av klassen til Kuta. Dei hadde hatt god tid til både dykking, snorkling og ikkje minst surfing som blei den store slageren. Det einaste me fekk ut av Kutas fasilitetar var shopping, pizza hut fire dagar på rappen og nokre legebesøk. Bjørgis fekk konstatert at det snodige i foten var ein parasitt og fekk ein kur mot dette som ennå ikkje har fungert, og Tonje fekk vite at ho hadde ulumske bakteriar i magen og fekk antibiotika for det. Me vonar no at ho er på betringens veg. Bjørgis og Anita m fleire hadde ein helaften i bassenget og slurpa øl frå swim-in-baren, medan Tonje og Bjarte slo til med laksemiddag på HardRock. Rommet på dette sjå-og-bli-sett-hotellet er rett og slett uggent. Det stinker mugg og airconen er ikkje i beste slag. Om kvelden når temperaturen byrjar å bli levande, hoppar me i loppekassa og ser på Channel V (asiatisk musikkkanal med nokre vestlege hits). Men etterkvart fann me ut at senga til Bjørgis innelheldt ein koloni av lopper som likar å bite. Resultatet etter fire netter i Kuta er altså eit tresifra antal loppebitt på Bjørgis og ein uroleg mage på Tonje.

Me ser likevel ljost på livet og nyter kvar ein dag med god mat og drikke. Tonje satsar mest på maten, og Bjørgis mest på drikka. Me har prøvd lokalt øl (igjen) og kjøttbollemiddag av beste slag på kjærleiksdagen som i år også er kombinert med morsdag, fastelavens og sist men ikkje minst chinese new year. Rett og slett fire gode grunnar for feiring! No har me pakka snippsekken og er klare for nye eventyr på Perhentian, ei idyllisk øy, utan den store moglegheiten for internett og kontakt med omverda. Talast om tre veker! :)