torsdag 25. mars 2010

Chiang Mai - i Mars













Tilbake til 1700talet på trehjulsvogn og oksedrag:) (Berre paraplyxen avslørar den eigentlege tidsepoken: 2010)

























Mange i klassen va på elefantsafari. Her traff me på elefantar som kunne mange ellefantastiske triks av mange slag!:) Hald på hatten!






















Spent stemning...




















Vel framme i Chiang Mai vart me innlosjert i eit internatliknande bygg. Bjørgis sine tankar spratt tilbake til Hornnes vgS 2002-2005, medan Tonje var glad for at ho alli har opplevd dette. Likevel var me glad for å ha kvar sin pult og eit skap på deling. Pulten fekk me alli teke i bruk, for her var det jammen travle tider gitt! Det va program av ymist slag, frå morgon til kveld. På nattestid susa badeflisane vegg i mellom medan dagane stort sett gjekk med til å høyre på fossen som rann ned frå airconannlegget.. Alli fred å få!

Ein kveld slo Bjørgis og nokre andre i klassen til med thaiboksekamp. Det synte seg at jenta frå Lauvdal hadde god peiling på bokseodds, og hadde ho bare satsa penger på boksarane, kunne ho traska ut av lokalet med mange bhatt fleire i lomma enn då ho kom. Servitørane på baren der boksekampen fann stad er eit kapittel for seg sjølv. Desse tilhøyrer det tidlegare omtalte nøytrale kjønnet - ladyboys. Som pauseunderhaldning flasha dei både det eine og det andre for alle som ville sjå.

















Me var på turne rundt Chiang Mai. Der kom me i snakk med denne frøkna frå det lokale stammefolket Karen Long Necks. Ho ville så gjerne fotograferast med to skandinavere, så me lot okk bestikke for ein lettare pengesum:)





Tiger Kingdom!
Me vandra rundt og var inne i bura til vaskeekte tigrar i alle aldrar og storleikar. Okkå favorittar er nok dei små minitigrane på under to månader. Veldig, veldig skjønne!
































Litt ymse tigerblinkskot. Me fekk vite at det var spesielt viktig å halde fingrar ell hender vekke frå buret. Derimot var det heilt greitt å spankulere rundt inne i bura med vaskeekte, levande tigrar... Hmmm!?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar