fredag 5. mars 2010

Perhentian - Coco Jambo















Kontrastane stod i kø då me forlot Kota Baru til fordel for paradiset på Perhentian. Me har budd i nokre hytteish husrom med opne røyr til vatn og kloakk. Straum var luksusvare som me berre hadde på nattestid, frå 7 pm til 7 am. Me har gjort nokre tapre forsøk på eksamenslesing, men endte ofte opp med friteikning i sanden istaden. Resultatet vart helst bra, og ein heil busslast med japsar knipsa bilete av okk. Gunnar Gakk: Me har no ei gong for alle dokumentert at kokosnøtter fysst er grøne før dei evt flassar av seg det ytste skalet og vert brune:) På Perhentian er der mange dyr av ulike slag. Me har vorte vandt med både ekorn på straumlina, varanar i lange banar, gekkoar både inne og ute, og edderkoppar i store nett, som Bjørgis satsar stort på å fjerne. Me har hatt fleire goddagar på beachen, og har elles teke okk tid til litt annleggsverksemd i gravemaskina. Som dykk skjønar er dagane så fulle av innhald at me knapt får tid til å grille okk. Tonje har slått til med snorkling a la haisommer 2, medan Bjørgis satsar meir på nattbad. Det siste av desse førte til to stk rusta juggeløyredobbar og 3,5 kg sand i trusa. Ellers må det nemnast at handverkarane her på øya både er effektive og nøyaktige. Sjå det flotte biletet av gangvegen: Dette er resultatet av to års målejobb med flotte blålege nyansar. Andre handverkarar me er mektig imponert over er rørleggeren som brukar ein dag på å røyke ferdig og få foa i gir for å fikse vasspumpa.. Snodig sidan dette skjer mest kvar dag. Jammen flaks Bjørgis tek på sitt morske blikk og strammar dei opp. Handtverkar ell ikkje, kokkane skal få all honnør på matfronten, kjøkkentenesta gjeng unna på litt over eit blunk:) Men pluss i boka for potetstappe av beste slag på Bubu, slik at Tonje kunne traske heimte STAPPmett;) Mellom all denne effektiviteten fekk me no tid til å posere litt på stranda så dykk kan sjå kor mykje snø me hev..


Slik på tampen av blogginnlegget: Mi sit no vakne på andre døgnet, og brusar plent over av rim, ordespel, gode minnar og generelt framifrå internhumor. Ellers var det trygt å kome trygt i hamn til sivilisasjonen på flyplassen, der dei åtvarar mot telefonbomber. Det kjens godt å vere forberedt på kor dei er plassert;)

Frå spøk til alvor: Me kosar okk glugg ihel her i varme og glede, me har bare eit miniproblem: Det er så frykteleg fort å bli snøblind i den krittkvite sanda:) (Det er jammen til å bli raud i toppen av..)

5 kommentarer:

  1. Gama å sjå at dykk framleis trivast så godt :D Bjørgis du passa krøllane;)

    SvarSlett
  2. DET var det eg sa at kokosnøttane va grøne, Pondus! :)
    såg dykk ha bli brune og fine. æ lite brunfarge her, men he hatt noko himla fine dager med godveir no i vetterferien.
    Tøffe bilæti dykk he lagt ut:) blir gama å få referat når dykk kjem heim!

    SvarSlett
  3. Åååå, kunne godt ligget å duppet i det vannet ja :-) Men den telefon bomba hadde jeg ikke satset på. Kose dere videre! Klem fra Kusine Astri

    SvarSlett
  4. Blir helt syk av den "snøen" DERE har! Skikkelig fint, og fine bilder....dere blir brunere for hvert innlegg:))
    Tror jeg hadde holdt meg på land hvis det var hai i vannet ja...men den derre øgla ser jo ikke helt trygg ut den heller da...hehe!!

    SvarSlett