torsdag 21. januar 2010

Destinasjon: Malaysia, KL, Chinatown

Frå unntakstilstand på Langkawi der skattefrie tider var ein luksus bar det rett av garde til storbyen KL, eller Kuala Lumpur. Der var ikkje øla skattefri, men der var desto fleire sjapper å handle frå. I dei seine nattetimar stengde salgsbodene og søppelet fløyt. Då er det jammen bra KL-city har tilsett ein god del dusin søppelryddarar som tok seg av den bisnissen. (Dei feia faktisk for eigen dør...)
















Me kikka meir enn me handla, men Tonje slo seg ellevill og laus og handla seg ein ekte Mr. Beanbamse. Den fekk kos og fast plass mellom okk i dobbelsenga. På matmarknaden fekk me prøve litt lokalmat og Bjørgis fekk handla seg den etterlengta takeaway iskaffien som ho og Cici minnas frå i fjor. Tonje derimot plotta inn junkGPSen på Mc Donalds for å mette sin evige hunger med Big Mac og Mc Flurry med oreokjeks (NB: Berre to gonger til no). Når me først er inne på matfronten kan me jo sei at Bjørgis har smakt på den frykta frukten dorian, som mellom anna er forbudt på flyplassar og hotell pga ein frykteleg stank. Smaken var heldigvis bete enn lukta, Takkoglov!


Me har vore på sightseeing mellom anna til statsmoskeen i KL (her måtte me dekke okk til med lilla kapper for å vere sømeleg kledd) og i hindugrottene Batu Caves med sine evige trappar. Heitt, heittt, heitt! Medan me er inne på slike heite sakar, må me mest legge inn eit bilete av naturens gang på apevis. Sjå og lær! Me fekk sjå ein av verdas eldste regnskogar, men då var Tonje og Bjørgis mette av inntrykk og leidd av å vente på ein do som synte seg å vere av typen asiatisk ståstandard. Me tok difor ein siesta i skuggen etter omlag hundre meters gange. Andre viktige serverdigheiter me har sett er Petronas Towers og Menara Tower (som tok okk over ein time å finne fram til). Bjørgis sine kjære havaianassko tok kvelden i Langkawi, og ho har vore på ein evig søken etter nye sidan då. i mellomtida har ho traska rundt på nokre provisoriske fjortissko (ifølge Tonje). Ho ankom den sjuande himmel då ho endeleg fann eit nytt rosa par av beste slag. på sightseeingen fekk me sett litt av kvart, til og med ein gigantisk Guccimann som me nøyt synet og lukta (!) av. Tonje sniffa godt inn og drøymte seg vekk til John Trygve, medan Bjørgis tok ein siesta og følte seg som heime i Bygland kommune under ein okse.


































































9 kommentarer:

  1. HEhehehehehe! :) Den bamsen var jo knall konsti! :) Masse gøye bilder, men det luktebildet ble litt drøyt Tonje... :p Jeg har overført pengene fra jula som jeg lånte Tonje. Lov meg at du bruker de på GOD mat på McDonalds! Vi snakkes :) Kos dere masse videre :) Klem fra din syster. :)

    SvarSlett
  2. Der var dere igjen:) Så koselig å prate med deg her om dagen Tonje!! Måtte ringe Ronny på jobb og fortelle det...hehe;)
    Koz dere videre i KL, ser stooort ut!! Miss u:))
    (Nøklene dine er nå trygt levert på Evje)

    KLemklem

    SvarSlett
  3. Gama gama gama!!=)

    SvarSlett
  4. Så moro å lese:) Godt du fekk deg nye sandalar, HM! Kan tenke med det var krise;)Den bamsen var TØFF:)God klem

    SvarSlett
  5. Torunn, jeg kan med hånda på hjerte si at de pengene skal gå til oppfeiting på Mc. Donalds ;)

    Kristin, så godt å vite at alt er levert ;) Var utrolig koslig å snakke med deg også :) Har du fått til skype?

    SvarSlett
  6. Hei Tonje :) Godt å se at dere har det fint, og at dere finner på litt sprell, hehe :)Vi savner deg masse alle sammen, så det er gøy å følge med på bloggen deres!Her heime har vi det godt å kaldt, så misunner deg veldig varmen av og til :)Kos dere! Skal hilse fra alle :) :)
    Klem fra Bente

    SvarSlett
  7. Hei, Bente!
    Savner dere hjemme også kjempemasse :)
    Blir koslig å komme hjem! Varmen er god å ha,
    men savner litt vinter!

    Hils tilbake til alle :)
    Klem

    SvarSlett
  8. Tudelu =)
    Så gøy å kunne lese litt om hvordan dere har det her =)
    Begynner å bli litt interiørshopping-sugen nå, men har funnet ut at det ikke er det samme uten deg, Tonje=)
    Var kjempe koselig å snakke med deg.
    Kos dere masse!!!!
    Klem fra Trine.

    SvarSlett
  9. Hello ;)
    Interiørshoppingen her ikke den sammer her uten deg heller, Trine. Men nå er det vel ikke mye til interiør heller her.. :P
    Har handla meg tiiidenes sko i dag - gleder meg til å vis de når jeg kommer hjem!
    Vi snakkes!

    SvarSlett